-
Isfiske
Leikanger Jakt-og Fiskelag inviterer til isfiske/familietur til Dalavatnet (Vassenden) i Sogndalsdalen søndag 1.mars 2026 frå kl.12:00 - 15:00. Les meir her.
Sirkeltrening i Saften
Sirkeltrening etter tradisjonelt opplegg, opent for alle.Det er blitt gjort nokre enkle tilpassingar for å følgje smittevernreglar. I tillegg til dei tre grunnleggande reglane (heime ved symptom, avstand og vask hender).
- Kvar deltakar har si matte gjennom heile økta (ei frå hallen eller om ein til ta med si eiga yogamatte eller liggeunderlag).
- Bom og ribbevegg tørkar vi over mellom kvar deltakar.
- Deltakarliste frå kvar trening.
Det har vore få deltakarar siste åra, så ein må vurdere om vi skal halde fram med sirkeltreninga, men vi startar no på fredag og ser. Torunn Grut (torunn,grut@vlfk.no) vil gjerne ha ei melding frå dei som vil vere med slik at ho veit om lag kor mange vi blir. Gje gjerne ei melding sjølv om du ikkje blir med no fredag, men truleg blir med seinare.
Del på:
-
Tilskot til utstyrssentralen
Me vil gi ein stor takk til Sparebanken Norge for tildeling av 25 000 kr i midlar til utstyrssentralen på Leikanger!
-
Røde kors aktivitetar 2026
Her finn du ei oversikt over tilbod som Leikanger Røde kors leverer for innbyggarane.
-
Jegerprøven 2026
Leikanger Jakt- og fiskelag startar opp med jegerprøven fredag 13.mars kl.18.
-
Pengegåve frå Sture Husabø sitt legat
Me vil gi ein stor takk til "Sture Husabø sitt legat" for tildeling av heile 150 000kr som skal delast på Frivillegsentralane sine utstyrssentralar på Leikanger, Balestrand og Sogndal. Gåva skal gå til innkjøp av nytt utstyr som kan lånast gratis ut til innbyggarane.