-
Isfiske
Leikanger Jakt-og Fiskelag inviterer til isfiske/familietur til Dalavatnet (Vassenden) i Sogndalsdalen søndag 1.mars 2026 frå kl.12:00 - 15:00. Les meir her.
Maja Lunde kjem til Sogndal 22. oktober kl. 19.00
Torsdag 22. oktober kl. 19.00 kjem Maja Lunde til Sogndal bibliotek. Ho vert bokbada av Katrine Sele. Det er påmelding til arrangmentet og begrensa plassar. Maja Lunde er ei av våre mest suksessfulle forfattarar. Bøkene hennar er oversette til over 40 språk og har selt meir enn 2,5 millionar kopiar over heile verda.Lunde har skrive bøker både for barn, ungdom og vaksne, og er gjerne mest kjent for boka Snøsøsteren og Klima-kvartetten beståande av bøkene Bienes historie (2015), Blå (2017) og Przewalskis hest (2019).
Lunde er i desse dagar aktuell med boka De første dagene (2020), og oppfølgaren til Snøsøsteren, Solvokteren (kjem 07.10.20).
Katrine Sele er journalist og forfattar. Hennar siste bok var Jølster hotell: historier frå eit asylmottak (2017).
Ho er tilsett ved Høgskulen på Vestlandet, og leiar Team for formidling, synlegheit og mediekontakt, og leiar bokkafear på HVL-biblioteket.
For å melde deg på arrangementet, ta kontakt med biblioteket og oppgje namn og telefonnummer:
E-post: skranke@sogndal.folkebibl.no
Telefon: 57 62 96 60
Det er framleis viktig å overhalde smittevernsreglane;
Hald avstand til andre,
hald god handhygiene,
og kom på biblioteket når du er frisk.
https://www.sogndal.folkebibl.no/maja-lunde-kjem-til-sogndal-22-oktober-kl-19-00.6337054-160201.html
Del på:
-
Tilskot til utstyrssentralen
Me vil gi ein stor takk til Sparebanken Norge for tildeling av 25 000 kr i midlar til utstyrssentralen på Leikanger!
-
Røde kors aktivitetar 2026
Her finn du ei oversikt over tilbod som Leikanger Røde kors leverer for innbyggarane.
-
Jegerprøven 2026
Leikanger Jakt- og fiskelag startar opp med jegerprøven fredag 13.mars kl.18.
-
Pengegåve frå Sture Husabø sitt legat
Me vil gi ein stor takk til "Sture Husabø sitt legat" for tildeling av heile 150 000kr som skal delast på Frivillegsentralane sine utstyrssentralar på Leikanger, Balestrand og Sogndal. Gåva skal gå til innkjøp av nytt utstyr som kan lånast gratis ut til innbyggarane.