-
Aktivitetar frå Jakt-og fiskelaget
Klikk på saka for å få ei oversikt over kva aktivitetar Jakt- og fiskelaget kan tilby i mai.
Serviceskyss Leikanger
Serviceskyss er eit transporttilbod i Sogn og Fjordane som er ope for alle, og skal vere tilrettelagd for alle. Ordninga var tidlegare kjent under namnet seniorskyss.NB: Koronatiltak: Som før er rutene opne for alle, men på grunn av koronasituasjonen gjer vi nokre tilpassingar for å legge til rette for at sjåførane og dei reisande i minst mogleg grad vert eksponerte for smitterisiko.
Kommunane organiserer sjølve serviceskyss og kunngjer rutene i området sitt. Skyssen er organisert i faste ruter, ofte inn til kommunesenteret eller andre mindre sentra.
Brukarane bestiller skyss seinast dagen før, innan eit fastsett tidspunkt. Brukarane vert henta heime og vert køyrde frå dør til dør.
Brukarane betalar ein eigendel på 30 kroner kvar veg.
Serviceskyssen skal vere tilrettelagt og open for alle, og køyretøya som vert nytta er difor universelt utforma.

Del på:
-
Jaktskyttarskule
Leikanger Jakt- og fiskelag arrangerer jaktskyttarskule.
-
Kunne du tenke deg å vere "vaktmeistar"?
Me søker no om frivillige som har lyst å hjelpe andre med praktiske ting.
-
Språkkafé
Me startar opp att med Språkkafé på frivilligsentralen tysdag 14.april kl.18.
-
Opningstider i påsken
Her finn du kva dagar og tider me held ope i påskeveka.