-
Språkkafé
Me er på utkikk etter frivillige som kan bidra på språkkafé etter påske.
Verda mi smeltar - Line Nagell Ylvisåker 22.september
I september kjem Line Nagell Ylvisåker, oppvaksen i Sogndal og busett på Svalbard, til alle biblioteka i Sogndal kommune for å snakka om boka si "Verda mi smeltar - å leve med klimaendringar på Svalbard". Møteplassen i 2. etasje i Saften, Leikanger: tysdag 22. september kl. 18.I september kjem Line Nagell Ylvisåker, oppvaksen i Sogndal og busett på Svalbard, til alle biblioteka i Sogndal kommune for å snakka om boka si "Verda mi smeltar - å leve med klimaendringar på Svalbard". Biblioteket på Leikanger: tysdag 22. september kl. 18, biblioteket i Balestrand: onsdag 23. september kl. 18 og på biblioteket i Sogndal: torsdag 24. september kl. 19.
Me får høyra ei forteljing om å leva med stigande uro og å leva midt i klimaendringane.
I 2015 gjekk det eit digert snøskred midt i Longyearbyen. Ei jente og ein familiefar døydde. Hausten etter gjekk det fleire jordskred, før eit nytt snøskred rasa inn i eit hus i sentrum. Noko er gale på Svalbard.
Line Nagell Ylvisåker frå Sogndal har bygd hus i Longyearbyen, fått to ungar der og kallar plassen for heime. Brått kjenner ho seg uroleg når det er varsla uvêr.
Kjenslene byrja å ta overhand, og ho får behov for å ta grep, forstå kva som eigentleg skjer, korleis naturen heng saman.
Det er høve til å få med seg foredraget både i Balestrand, Sogndal og på Leikanger.
Grunna stoda kring covid-19 er det bindande påmelding til arrangementa. Me har avgrensa plassar og førstemann-til-mølla prinsippet gjeld.
Kontakt biblioteka for å melda deg på e-post: leikangerbib@sogndal.kommune.no tlf : 57 62 96 60
Del på:
-
Årsmøte Leikanger Frivilligsentral
Her finn du innkalling og sakliste til årsmøtet som vert gjennomført 25.mars kl.18.
-
Fuglekassebygging og årsmøte
Leikanger Jakt- og fiskelag skal ha kurs fuglekassebygging og årsmøte i mars.
-
Isfiske
Leikanger Jakt-og Fiskelag inviterer til isfiske/familietur til Dalavatnet (Vassenden) i Sogndalsdalen søndag 1.mars 2026 frå kl.12:00 - 15:00. Les meir her.
-
Tilskot til utstyrssentralen
Me vil gi ein stor takk til Sparebanken Norge for tildeling av 25 000 kr i midlar til utstyrssentralen på Leikanger!