-
Bygdefest i ungdomshuset
Leikanger ungdomslag (i samarbeid med Handarbeidslaget Sans og Samling) inviterer til bygdefest på ungdomshuset med underhaldning frå Leikanger mannskor laurdag 6. desember.
Frivilligkoordinator
Vår flinke frivilligkoordinator, Dag Andre Mo, har i desse dagar klargjort SystrondsBUI utstyrssentral, og med det satt ei punktum her ved Leikanger Frivilligsentral. Han ynskjer å satse for fullt på ivrige og treningsglade Systreningar framover!
Avslutningslunsj for Dag Andre kor me inviterte tenesteleiar Jon Tvilde og kollega Åge Vedvik frå Sogndal Frivilligsentral. Me fekk nydeleg god pizza og ei fin utestund på Fjordkroa. Fotograf: Mona Teigen Kvam/Leikanger Frivilligsentral
Dag Andre har mellom anna vore med på flytting av lokaler frå Tinghuset til Saften. Han har også vore sterkt engasjert i oppbygginga av SystrondsBUI utstyrssentral, som no inneheld mykje flott og nytt utstyr til born og unge.
SystrondsBUI er i desse dagar klar for utlån av fritidsutstyr til born og unge. Me har som (kanskje?) første utlånssentral i landet, utarbeida online utlånsportal og sjølbetjent utlån utanom bemanna arbeidstid. Ved å nytte online booking, kan de på nettsida vår sjå alt av utstyr og storleikar, og kva som er ledig for utlån til ei kvar tid. Ved igangsetjing av dette, vil føresette kunne låne utstyr til born og unge utanom bemanna arbeidstid ved Leikanger Frivilligsentral. Grunna korona-restriksjonar vil ikkje den ubemanna utlånet bli sett i verk enno. Enn så lenge, tek ein kontakt med Tonje ved Leikanger Frivilligsentral, for å låne medan me er på kontoret; tlf 9413 6251.
Dag Andre er primus motor og dagleg leiar for Systrening. Han satsar for fullt på spreke og treningsglade systreningar framover. Saman har me gode planar og idear for samarbeid mellom Leikanger Frivilligsentral og Systrening framover, og gledar oss til ein kan sette i gang att med aktivitetar for fullt!
Me takkar for jobben som er gjort, og ynskjer Dag Andre lukke til med tunge vekter, spinning og moro ved Systrening!
Mona :-)
Leikanger Frivilligsentral
Del på:
-
Bridge på Frivilligsentralen
Kom på bridge i lokala til Frivilligsentralen på Saften torsdagar kl. 11. Dette er uformell bridge utan rapportering av resultat og poeng.
-
Drop-in Datahjelp
Me startar no opp eit nytt tilbod: "Drop-in datahjelp" på Frivilligsentralen, i samarbeid med Leikanger pensjonistlag.
-
Endå meir tilskotsmidlar
Me vil gi ein stor takk til Gjesidigestiftinga som har delt ut tilskotsmidlar på 100 000 kr til styrking av utstyrssentralane i Sogndal kommune!
-
Tilskotsmidlar
Me vil gi ein stor takk til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som har delt ut tilskotsmidlar på 30 000,- til styrking av utstyrssentralen på Leikanger!