-
Isfiske
Leikanger Jakt-og Fiskelag inviterer til isfiske/familietur til Dalavatnet (Vassenden) i Sogndalsdalen søndag 1.mars 2026 frå kl.12:00 - 15:00. Les meir her.
SyrstrondsBUI Leikanger Frivilligsentral
SyrstrondsBUI er under oppbygging, og du finn oss i 2. etasje på SaftenSyrstrondsBUI er ei vidareutvikling av den tidlegare utstyrssentralen vår. Gjennom statleg tilskot har me handla inn eit utval av fritidsutstyr til born og unge.
I forkant av anbodsprosessen, hadde me dialog med fleire lag og organisasjonar på Leikanger. Det var ein positiv prosess, der me opplever ei sterk lagånd for Leikanger, og ynskje om å bidra i fellesskapet. Me fekk kartlagt kva ustyr som eksisterer, og som ein kan få låne på tvers av lag og organisasjonar, og kva som var behov for å handle inn. Me hadde tidsfristar på oss, då tilskotet kunn var gyldig til 31.desember. Me rakk difor ikkje ei utvida kartlegging saman med fleire lag og organisasjonar, og me vil setje stor pris på om kontaktpersonar og ildsjeler tek seg tid til å stikke innom oss for ein prat i tida framover! :-)
I påvente av nye lokaler i 3. etasje, har me etablert arbeidsplassane våre i SyrstrondsBUI. Den ligg i 2. etasje, nærast vegg-i-vegg me lokalet vårt "Møteplassen", kor me har kaffi- og vaffelsal, og fleire ulike aktivitetar under planlegging.
Den vidare prosessen rundt SyrstrondsBUI er 2-delt; Me skal bygge den opp fysisk, og ventar på levering av reolar og opphengsmøblement. Når dette er på plass, skal gammalt utstyr flyttast inn i nytt lokale, og nytt og gammalt utstyr skal plasserast. Parallellt med dette skal me bygge opp det digitale vareregisteret vårt, som er den "BUI" du møter når du går inn på heimesida vår for å booke ei vare.
Det ligg ein stor jobb føre oss, men me har godt håp om at mykje er gjort når me skriv 1. mars. I mellomtida er det muleg å stikke innom oss i kontortida, og låne utstyr når vi er til stades. Send oss gjerne ei melding før du kjem innom :-)
Me gler oss: SyrstrondsBUI!
Del på:
-
Tilskot til utstyrssentralen
Me vil gi ein stor takk til Sparebanken Norge for tildeling av 25 000 kr i midlar til utstyrssentralen på Leikanger!
-
Røde kors aktivitetar 2026
Her finn du ei oversikt over tilbod som Leikanger Røde kors leverer for innbyggarane.
-
Jegerprøven 2026
Leikanger Jakt- og fiskelag startar opp med jegerprøven fredag 13.mars kl.18.
-
Pengegåve frå Sture Husabø sitt legat
Me vil gi ein stor takk til "Sture Husabø sitt legat" for tildeling av heile 150 000kr som skal delast på Frivillegsentralane sine utstyrssentralar på Leikanger, Balestrand og Sogndal. Gåva skal gå til innkjøp av nytt utstyr som kan lånast gratis ut til innbyggarane.