2023 - Frivilligsentralen i full drift!

Her hjå oss er det ope på LF RiverDal - bygdi sin skravlekrok, og på LF SystrondsBUI utstyrssentral.

Me er komne eit par dagar inn i 2023 og eg vil nytte høvet til å takke for det gamle. Takk til alle frivillige som har stått på og til alle som har komme innom for å slå av ein prat. Me utviklar Frivilligsentralen i bygda SAMAN! :-)

GODT NYTT ÅR TIL ALLE!

Her er me i gang att med kaffikos så å seie kvar dag frå kl 9.30 - 14.00. Når våre trufaste frivillige stiller opp er det alltid litt ekstra å få attåt kaffien - gjerne nysteikte vafler utanom den gode sjokoladebiten som alltid står framme. Våre faste frivillige på LF RiverDal er her måndagar, onsdagar, fredagar og gjerne laurdagar når dei får det til å passe slik. Då kan du høyre summelyden frå den trivelege Skravlekroken i bygdi.

Utlån frå LF SystrondsBUI går som det susar. Huks å gå inn via heimesida vår, SystrondsBUI og og utlånsportalen. Her reserverer du det utstyret du ynskjer å låne, og den aktuelle perioden. 

2024 © Leikanger Frivilligsentral