Søndag 28 November 2021
Kl. 10:00 - 13:00, Leikangerhallen
UTSATT! Ny dato kjem: Open hall arrangert av Syril handball G8

Open hall er eit gratis lågterskeltilbod i Leikangerhallen til alle barn og barnefamiliar som ønsker å nytte seg av det. Her kan barn få leike med ball, syklar, madrasser, bandy og liknande. Tilbodet baserar seg på frivilligheit, der ein er avhengig av å få med seg lag og organisasjonar til å drifte arrangementa. 

Søndag 28 november frå kl 10.00 til 13.00 er det håndballgruppa g8 som arrangerer Open hall! 

Det blir mykje leik, moro og aktivitet i hallen denne søndagen.

Det blir kiosksalg med kaffi, kaker, vafler og risgrøt. 

Det er første søndag i advent, og håndballgruppa gutter 8 ønsker at flest mulig vil ta lunsjen på Saften denne dagen. 

Dette blir moro!

Ta kontakt med Andreas Thue på tlf 99290335 eller Margaret Lekki på tlf 96692977 dersom du har spørsmål!

Kan vere lurt å lese igjennom reglar for open hall her: retningslinjer for open hall

Ved hoveddøra inn til hallen vil det vere plakat med retningslinjene. Det vil også vere antibac ved hoveddøra, og me oppdrar alle til å sprite seg før dei går inn. 


2024 © Leikanger Frivilligsentral