Tirsdag 14 Februar 2023
Kl. 10:00 - 15:00, LF RiverDal
Tysdagar på Riverdal - treff for alle aldrar!
Ope for alle, med litt ekstra tilrettelegging for dei minste på tysdagar!

Tysdagar kan me tilrettelegge litt ekstra for dei minste på LF Riverdal. Her er likevel ope, og god plass til bygdafolk elles, som vil stikke innom for å skravle litt; bygdi sin Skravlekrok finn ein på Leikanger Frivilligsentral sin møteplass, RiverDal. Lokalet finn du inn til høgre når du kjem opp trappa til 2. etasje i Saften. 

Frivilligsentralen tilrettelegg for treffet, og elles er dette ein sjølvstyrd møteplass. Ein kan til dømes kan varme mat i mikrobølgeovenen, trakte seg kaffe, eller fylle på med friskt vatn. 

Kontakt oss på Frivilligsentralen om det skulle vere noko!


Beste helsing

Mona og Ingvild

Leikanger Frivilligsentral

2024 © Leikanger Frivilligsentral