Onsdag 28 Oktober 2020
Kl. 17:00 - 18:00, Møteplassen 2.etasje Saften
Emma Manin Barnet i veven, Foredag Møteplassen
Onsdag 28. oktober kl. 17 er forfattar Emma Manin på møteplassen 2.etasje i Saften på Leikanger, med boka si "Barnet i veven".

Det er begrensa plassar og påmelding.

Emma Manin vaks opp på Leikanger, og er utdanna sjukepleiar. "Barnet i veven" er hennar fyrste bok, ein historisk roman inspirert av oppveksten på Leikanger.

"«Barnet i veven» er ein gripande og kraftfull roman om framtidsdraumar og kunstnarkall. Forteljinga plasserast i ein rik vev av historiske detaljar, der svik, sinne, skuld, sorg og skam er kjensler som driv forteljinga framover.
To kvinner, Astri og Gunhild, får sine liv vevd tettare saman enn dei ynskjer. Tråden som bind dei er Hallvard. Han er gift med Gunhild, men gløymer aldri ungdomskjærasten sin, Astri."

Henta frå Tanum si omtale av boka.

For påmelding, kontakt biblioteket:

Telefon: 57 65 26 61

E-post: leikangerbib@sogndal.kommune.no

 

Minner framleis om dei generelle smitteverntiltaka:

- Hald avstand til dei rundt deg,

- Hald god handhygiene

- Kom på biblioteket når du er frisk.


2024 © Leikanger Frivilligsentral