Lørdag 28 November
Kl. 11:00 - 15:00, Saften

Julemoro på Saften

JULEMORO PÅ SAFTEN – LAURDAG 28. NOVEMBER!

No nærmar jula seg, og vi gler oss til ein skikkeleg koseleg førjulsdag på Saften!

Laurdag 28. november blir det liv og røre på Saften, med aktivitetar, god mat og julestemning for både store og små!

Leikanger frivilligsentral held ope frå kl. 11.00 til 16.30, heilt fram til julegrantenninga!

I kafeen står dei kjekke damene våre klare til å ta imot dykk! Frå kl. 11.00 til 15.00 serverer dei deilig graut og gode kaker. Her er det berre å stikke innom for ein god prat, noko godt å ete og litt førjulskos!

BUA held også ope! Ta gjerne turen innom og sjå kva vi har å tilby!

Elles byr dagen på mykje kjekt rundt om på Saften, mellom anna julekonsert i Drægnisalen, pepperkakeutstilling, torgsal og stand!

Kl. 16.30 samlast vi til julegrantenning, der musikklaget spelar kjende og kjære julesongar. Ei fin avslutning på ein koseleg førjulsdag!

Vi håpar mange tek turen innom oss denne dagen! Ta med familie, vener og naboar, og bli med på å skape god julestemning på Saften!

Vi på Leikanger frivilligsentral gler oss til å sjå dykk!

2026 © Leikanger Frivilligsentral