Lørdag 3 Oktober
Kl. 11:00 - 14:00, Kafeen - 2. Etasje på Saften
Laurdagskafe med Sans og Samling

Velkomen til Laurdagsskafé på Saften


Kvar Laurdag inviterer vi Handarbeidslaget Sans og Samling til ei hyggeleg og uformell kaféstund i kafeen i 2. etasje på Saften på Leikanger.

Ein av dei flotte frivillige i Sans og Samling står klar til å ønskje deg velkomen og diskar opp med kaffi, te og noko godt å bite i – gjerne nysteikte lappar eller vaflar.

Laurdagskafeen er ein møteplass for alle, uansett alder. Her kan du slå av ein prat med kjende, bli kjend med nye menneske eller berre nyte ein kopp kaffi og litt godt selskap.

I tillegg set Sans og Samling opp eit godt utval av produkta deira. Her er det mykje fint ein kan kjøpe om ein ikkje berre vil handle kaffi og vaflar!

Kafeen held fram kvar laurdag, og vi håpar han kan vere ein triveleg og inkluderande møteplass for folk i alle aldrar i bygda.

Ta gjerne turen innom – her er alle hjarteleg velkomne!

2026 © Leikanger Frivilligsentral