Kaféen

Ein triveleg møteplass hjå Leikanger Frivilligsentral


Kaféen til Leikanger Frivilligsentral er lokalet for å møtast i ulike samanhengar. Her lagar fantasitske frivillige til med kaffi, te og vaflar tre dagar i veka. Kafèen kan også nyttast til andre arrangement om ein vil nytte lokala til noko liknande. 

Me kan justere musikk/lyd og belysning etter type aktivitet, og her er kjøpt inn låsbare skåp, slik at faste grupper kan få låse inn eige utstyr til aktivitetane sine frå gang til gang.

På dagtid opnar me for treff for ulike grupper som ynskjer det. Det kan vere skravlekroken kaffitreff, seniortreff eller småbarnstreff. På kveldane har ulike lag, organisasjonar og frivillige høve til å låne lokalet for aktivitetstilbod til bygda. Her kan ein på strikkekafe, drive med hobby, sjå ein film, spele brettspel, og mykje meir.

Er du engasjert og har lyst å skape ein møteplass på Leikanger, så kan det hende me er rette tilretteleggaren for deg!

Opningstider for kafèen:

Måndag, onsdag og fredag: kl.10-14


Velkommen innom!

2026 © Leikanger Frivilligsentral