SyrstrondsBUI, Leikanger Frivilligsentral

SyrstrondsBUI opnar opp 1.juni i Saften.

SyrstrondsBUI er ei vidareutvikling av den tidlegare utstyrssentralen vår. Gjennom statleg tilskot har me handla inn eit utval av fritidsutstyr som kan leigast heilt gratis. 

Lokalet ligg i 2 etg. på Saften - når du kjem opp trappa tek du til venstre, og går ein "hestesko" til endes, så finn du oss i retning mot fjorden. 

For å leige går du inn på linken nederst på denne sida. Born og ungdom kan leige utstyr på eiga hand, men må ha med ei fullmakt frå føresette. For å booke utstyr so klikkar du berre her for å kome til utlånsportalen vår.

NB! Ver vennleg å lese gjennom våre retningslinjer og dessutan reglar for lån og levering av utstyr før du leiger. 



2020 © Leikanger Frivilligsentral