SyrstrondsBUI, Leikanger Frivilligsentral

SystrondsBUI er namnet på Leikanger frivilligsentral sin utstyrssentral. Lån utstyr hjå oss.

Dette er ein god mulegheit for å kunne prøve utstyr for første gang eller låne til f.eks skuleturar og -aktivitetsdagar. Me har mellom anna skiutstyr, telt og soveposer, truger, klatreutstyr, syklar, einhjulssyklar, stormkjøkken, bålpanne og mykje anna kjekt fritidsutstyr.

På SystrondsBUI kan du låne fritidsutstyr til ulike aktivitetar for barn og ungdom.  Lån av utstyr er gratis -  det er viktig å lese gjennom reglar og retningslinjer før ein bookar utstyret. 

Opningstider er tysdag og torsdag kl.12-15.

For å leige går du inn på linken nederst på denne sida. Born og ungdom kan leige utstyr på eiga hand, men må ha med ei fullmakt frå føresette. For å booke utstyr so klikkar du berre her for å kome til utlånsportalen vår.

NB! Ver vennleg å lese gjennom våre retningslinjer og dessutan reglar for lån og levering av utstyr før du leiger. 



2025 © Leikanger Frivilligsentral