-
Aktivitetsoversikt for Leikanger
Her finn du diverse aktivitetstilbod ein kan delta på i Leikanger.
Serviceskyss
Serviceskyss er eit transporttilbod på Leikanger på tysdagar og fredagar som er ope for alle.Servicekyssen følgjande områder, dagar og tider:
Grinde-Strandavegen-Leite-Hermansverk: Tysdag og fredag kl.09.45 og 11.15
Krosshaug – Hermansverk: Tysdag og fredag kl.10.20 og 12.00
Brukarane bestiller skyss dagen før, innan eit fastsett tidspunkt. Brukarane vert henta heime og vert køyrde frå dør til dør.
Brukarane betalar ein eigendel på 30 kroner kvar veg.
Serviceskyssen skal vere tilrettelagt og open for alle, og køyretøya som vert nytta er difor universelt utforma.
Del på:
-
BUA
Leikanger Frivilligsentral har no vorte BUA!
-
Nytt kafétilbod på Saften
Måndagar, onsdager og fredagar kan du møte sambygdingar hjå oss på på den nye kaéen i Saften i frå klokka 10 til 14. Tysdag og torsdag held me også tilbodet ope men då med lett servering. Du har tilbod om kaffi og noko å bita i, medan praten går. Du finn oss i den nye avdelinga 2. etasje på Saften der bibliotekt låg før. Velkommen til oss!
-
Strikkekafè
Strikkekafe på LF Riverdal kvar tysdag i oddetalsveker!
-
ViFritid
Har du lyst til å melda deg på ein fritids- eller kulturaktivitet, men veit du ikkje kva som finst? Me har samla saman ein heil del aktivitetar og tilbod for å gjera det enklare å vera aktiv på fritida i Sogndal.