-
BUA
Leikanger Frivilligsentral har no vorte BUA!
Språkkafè på Leikanger
Velkomen til språkkafe på Leikanger!
Har du lyst til å øve på norsk og bli kjend med nye menneske? Då er du hjarteleg velkomen til språkkafe!
Ein språkkafe er ein uformell og sosial møteplass der me møtast for å snakke saman og bli betre kjend. Her kan du øve på norsk gjennom heilt vanlege samtalar, i eit trygt og avslappa miljø. Du treng ikkje å vere flink i norsk for å delta, og det er ingen undervisning, prøver eller krav om å seie noko framfor ei gruppe. Du kan delta i samtalen så mykje eller lite som du sjølv ønskjer.
Språkkaféen er også ein fin stad for å møte andre som bur på Leikanger. Vi håpar på gode samtalar, latter og hygge rundt bordet. Kom gjerne åleine eller ta med deg nokon du kjenner. Både nye og kjende fjes er hjarteleg velkomne.
Leikanger Frivilligsentral og Leikanger Røde Kors inviterer til språkkafé på Saften – Den Nye Kafeen i 2. etasje, frå kl. 18.00 til 19.30.
Datoar: 27. oktober, 10. november, 24. november og 8. desember.
Det er berre å kome som du er. Me gler oss til hyggelege kveldar saman og håpar vi sjåast!
Neste Språkkafè på Leikanger
| Dato | Kl. | Tittel | Sted |
|---|---|---|---|
| Tir 27.10 | 18:00 | Språkkafe på Saften | Kafeen - 2. Etasje på Saften |
| Tir 10.11 | 18:00 | Språkkafe på Saften | Kafeen - 2. Etasje på Saften |
| Tir 24.11 | 18:00 | Språkkafe på Saften | Kafeen - 2. Etasje på Saften |
| Tir 08.12 | 18:00 | Språkkafe på Saften | Kafeen - 2. Etasje på Saften |
Del på:
-
Open fredagsskafe på Saften
-
Open mandagskafe på Saften
-
Open onsdagskafe på Saften
-
ViFritid
Har du lyst til å melda deg på ein fritids- eller kulturaktivitet, men veit du ikkje kva som finst? Me har samla saman ein heil del aktivitetar og tilbod for å gjera det enklare å vera aktiv på fritida i Sogndal.