Open fredagsskafe på Saften

Velkomen til fredagskafé på Saften


Kvar fredag inviterer vi i Leikanger Frivilligsentral til ei hyggeleg og uformell kaféstund i kafeen i 2. etasje på Saften på Leikanger.

Ein av dei flotte frivillige våre står klar til å ønskje deg velkomen og diskar opp med kaffi, te og noko godt å bite i – gjerne nysteikte lappar eller vaflar.

Fredagskafeen er ein møteplass for alle, uansett alder. Her kan du slå av ein prat med kjende, bli kjend med nye menneske eller berre nyte ein kopp kaffi og litt godt selskap.

Kafeen held fram kvar fredag, og vi håpar han kan vere ein triveleg og inkluderande møteplass for folk i alle aldrar i bygda.

Ta gjerne turen innom – her er alle hjarteleg velkomne!

Neste Open fredagsskafe på Saften

Dato Kl. Tittel Sted
Fre 09.10 10:00 Open fredagsskafe på Saften Kafeen - 2. Etasje på Saften
Fre 16.10 10:00 Open fredagsskafe på Saften Kafeen - 2. Etasje på Saften
Fre 23.10 10:00 Open fredagsskafe på Saften Kafeen - 2. Etasje på Saften
Fre 30.10 10:00 Open fredagsskafe på Saften Kafeen - 2. Etasje på Saften
Fre 06.11 10:00 Open fredagsskafe på Saften Kafeen - 2. Etasje på Saften
Fre 13.11 10:00 Open fredagsskafe på Saften Kafeen - 2. Etasje på Saften
Fre 20.11 10:00 Open fredagsskafe på Saften Kafeen - 2. Etasje på Saften
2026 © Leikanger Frivilligsentral