Open mandagskafe på Saften

Velkomen til måndagskafé på Saften


Kvar måndag inviterer vi i Leikanger Frivilligsentral til ei hyggeleg og uformell kaféstund i kafeen i 2. etasje på Saften på Leikanger.

Ein av dei flotte frivillige våre står klar til å ønskje deg velkomen og diskar opp med kaffi, te og noko godt å bite i – gjerne nysteikte lappar eller vaflar.

Måndagskafeen er ein møteplass for alle, uansett alder. Her kan du slå av ein prat med kjende, bli kjend med nye menneske eller berre nyte ein kopp kaffi og litt godt selskap.

Kafeen held fram kvar måndag, og vi håpar han kan vere ein triveleg og inkluderande møteplass for folk i alle aldrar i bygda.

Ta gjerne turen innom – her er alle hjarteleg velkomne!

Neste Open mandagskafe på Saften

Dato Kl. Tittel Sted
Man 23.11 10:00 Open mandagskafe på Saften Kafeen - 2. Etasje på Saften
Man 30.11 10:00 Open mandagskafe på Saften Kafeen - 2. Etasje på Saften
Man 07.12 10:00 Open mandagskafe på Saften Kafeen - 2. Etasje på Saften
Man 14.12 10:00 Open mandagskafe på Saften Kafeen - 2. Etasje på Saften
Man 21.12 10:00 Open mandagskafe på Saften Kafeen - 2. Etasje på Saften
Man 28.12 10:00 Open mandagskafe på Saften Kafeen - 2. Etasje på Saften
Man 04.01 10:00 Open mandagskafe på Saften Kafeen - 2. Etasje på Saften
2026 © Leikanger Frivilligsentral