-
Aktivitetsoversikt for Leikanger
Her finn du diverse aktivitetstilbod ein kan delta på i Leikanger.
BUA
Leikanger Frivilligsentral har no vorte BUA!BUA
BUA Leikanger er namnet på vår utstyrssentral. Lån utstyr hjå oss. Dette er ein god mulegheit for å kunne prøve utstyr for første gang eller låne til f.eks skuleturar og -aktivitetsdagar. Me har mellom anna skiutstyr, telt og soveposer, truger, klatreutstyr, syklar, einhjulssyklar, stormkjøkken, bålpanne og mykje anna kjekt fritidsutstyr.
BUA Leikanger – Gratis utlån av sport- og friluftsutstyr
BUA Leikanger er eit gratis tilbod for alle som ønskjer å vere aktive og oppleve friluftsliv utan å måtte eige alt utstyret sjølv. Hjå oss kan du låne sport-, fritids- og friluftsutstyr heilt gratis.
Målet vårt er å gjere det enklare for alle å prøve nye aktivitetar, vere meir fysisk aktive og oppleve naturen gjennom heile året.
Her kan du sjå kva utstyr du kan låne: Utstyr | BUA
Her kan du sjå korleis du kan låne: Hvordan låner du i BUA? | BUA
Kva kan du låne?
Vi har eit variert utval av utstyr til ulike aktivitetar. Til vår-, sommar- og haustsesongen kan du mellom anna låne:
- Syklar
- Sparkesyklar
- Skateboard
- Fiskeutstyr
- Tursekkar
- Hengekøyer
- Telt
- Soveposar
- Stormkjøkken
- Redningsvestar
- Anna utstyr til tur- og friluftsaktivitetar
Til vinteraktivitetar har vi mellom anna:
- Langrennsski med sko og stavar
- Alpinski med sko og stavar
- Randonee med sko, stavar og feller
- Snowboard
- Truger
- Akeutstyr
- Anna vinterutstyr for små og store
Når du låner sykkel, ski eller anna utstyr der tryggleik er viktig, kan du også låne nødvendig sikkerheitsutstyr dersom det er tilgjengeleg.
For alle
BUA Leikanger er open for alle innbyggarar og tilreisande. Tilbodet er særleg populært blant familiar, born og unge, studentar og bebuarar ved asylmottaket. Ved å dele på utstyret kan fleire få moglegheit til å delta i aktivitetar og oppleve meistring og fellesskap.
Har du forslag?
Vi ønskjer stadig å utvikle utlånstilbodet vårt. Dersom du saknar noko i utvalet vårt, tek vi gjerne imot forslag til nytt utstyr. Innkjøpa våre vert i stor grad styrte av kva innbyggarane etterspør.
Opningstider
BUA Leikanger
Tysdag og torsdag
Innlevering: kl. 09.00–12.00
Utlevering: kl. 12.00–15.00
Telefon: 94136251
Velkomen innom for ein prat – kanskje finn du utstyr til ditt neste eventyr!
Del på:
-
Nytt kafétilbod på Saften
Måndagar, onsdager og fredagar kan du møte sambygdingar hjå oss på på den nye kaéen i Saften i frå klokka 10 til 14. Tysdag og torsdag held me også tilbodet ope men då med lett servering. Du har tilbod om kaffi og noko å bita i, medan praten går. Du finn oss i den nye avdelinga 2. etasje på Saften der bibliotekt låg før. Velkommen til oss!
-
Serviceskyss
Serviceskyss er eit transporttilbod på Leikanger på tysdagar og fredagar som er ope for alle.
-
Strikkekafè
Strikkekafe på LF Riverdal kvar tysdag i oddetalsveker!
-
ViFritid
Har du lyst til å melda deg på ein fritids- eller kulturaktivitet, men veit du ikkje kva som finst? Me har samla saman ein heil del aktivitetar og tilbod for å gjera det enklare å vera aktiv på fritida i Sogndal.