SystrondsBUI- utstyrssentral

Kom innom for å låne utstyr!

SystrondsBUI er namnet på Leikanger frivilligsentral sin utstyrssentral.  Her kan du låne utstyr heilt gratis! Det er også ein god muligheit til å kunne prøve utstyr for første gang eller låne til f.eks skuleturar og -aktivitetsdagar. Me har mellom anna skiutstyr, telt og soveposer, truger, klatreutstyr, syklar, einhjulssyklar, stormkjøkken, bålpanne og mykje anna kjekt fritidsutstyr. 

Nedanfor ser du ein oversikt over kva me har i utstyrssentralen vår! 

Utlånsportalen vår finn du her




Me har mykje ski og fritidsutstyr til utlån, noko som er veldig populært no! 

I SystrondsBUI har me langrennsski med integrerte feller, slalomski og stavar, skihjelmar og skibriller, slalomsko og langrennssko i fleire forskjellige størrelsar! Me har også truger og hovudlykter- perfekt for turar i snøen på kveldstid. Me har også gode soveposar, liggeunderlag og telt dersom du vil overnatte ute. 

Stormkjøkken og gassbrennar er også populært å låne, dersom ein vil lage mat når ein er ute på tur! 

Bålpanne og tilbehør til denne, låner me også ut. Dersom de er ein liten gjeng som vil samlast ute, er det kjekt å ha med ei bålpanne. De kan også ta med suppegryte eller popkorngryta for å lage mat eller snacks :-)



Her finn du meir informasjon om korleis du låner utstyr.

Velkommen innom oss eller ta kontakt på telefon dersom du vil låne utstyr! :-)








2024 © Leikanger Frivilligsentral