Sykkelturen 2022 - Balestrand - Leikanger - Sogndal

Sykkelturen 2022 til Sogn

2022 er Frivilligheitsåret


Norges Frivilligsentralar inviterer i samarbeid med ei rekke andre organisasjonar til ein sykkeltur gjennom heile landet! 


Fredag 24.juni kjem sykkelturen 2022 til Sogn og syklar gjennom Sogndal kommune, med stopp i Balestrand og Sogndal.

Syklane blir bemanna med våre lokale frivillige i Balestrand, Leikanger og Sogndal. Ved stopp i Balestrand og Sogndal vil ein ha sin eigen lokale variant for program. Timeplanen tilseier ein noko kortare stans i Balestrand, medan me får eit litt lengre stans i Sentrumsparken i Sogndal, kor Lerum Cup er med å skape liv og røre i sentrum. 



I Balestrand startar sykkelturen kl. 10.00 frå Balahaugen og går vidare til Holmen. Her blir det litt program med mellom anna musikk frå Holmaduren, ein prat om frivilligheita v/Bøthun, ansiktsmåling og Stigegolf ved 4H. Det blir servering av kaffi, sveler til alle, og is til dei minste!

Etter transportetappe frå Balestrand, er me klare for Sykkeltur for Leikanger, Sogndal og Luster sin del:

Sykkelstart frå Stedjebukti ca. kl. 13.30

Du vil kunne sjå den flotte kortesjen syklande frå Stedjebukti til Sogndal alders- og sjukeheim, før dei rullar vidare bak Kulturhuset og ned i nedste fjøra. Syklane vil ha pilotar og passasjerer frå mellom anna Leikanger, Luster og Sogndal - alle våre frivillige har på spørsmål om å stille opp, sjølvsagt igjen svara JA! 

 TUSEN TAKK TIL ALLE VÅRE FRIVILLIGE!

Endestoppen blir i eit yrande folkeliv i sentrumsparken, der Frivilligsentralane våre også har samla seg. Me får eit lite program med Sofadialog kring frivilligheit, kor våre lokale frivillige vil delta. Her vil ein mellom anna få lett servering til store og små, taktfull trekkspelmusikk ved Oddbjørn Ramstad, og gode ord om våre verdfulle frivillige.

Me vonar mange har høve til å møte opp denne dagen og heie våre frivillige fram på Sykkelturen!

Vèl møtt!

2024 © Leikanger Frivilligsentral