Slalomutstyr i SystrondsBUI

Kom innom oss for å låne!

Kvar veke vil me no presentere utvalgt utstyr frå SystrondsBUI- utstyrssentralen vår og dykkar!

Slalomski, slalomsko, slalomstavar, skihjelm og briller

Me har ein nydeleg natur i Sogn, og i desse dagar har det komme mykje nysnø og pudder til fjells. Mange reiser i skitrekket som er i nærleiken, enten Hodlekve, Heggmyrane. Dessverre er det fortsatt stengt på Kleppa.

Slalom er ein artig og fartsfyllt aktivitet. Også ein veldig fin familieaktivitet! Kanskje de vil teste ut om slalom er ein aktivitet for dykk, då kan du låne her før du går til innkjøp av eige utstyr :-)

Me har slalomski og slalomsko i merket «head», som vart kjøpt nytt i 2020. 

Me har mange forskjellige størrelsar:

Slalomski 97 cm 

Slalomski 107 cm

Slalomski 117 cm

Slalomski 127 cm

Slalomski 137 cm

Slalomski 147 cm


Me har også slalomsko i forskjellige størrelsar:

Str 19, 5 = str 30,5

Str 20,5 = str 32

Str 21,5 = str 34

Str 22,5 = str 36

Str 24 = str 38

Str 25 = str 39

Str 26 = str 40,5

Det er også viktig å huske på å justere bindingen etter vekta til personen. Dersom du er usikker, gå innom ein sportsbutikk for å sjekke!

Me har to skihjelmar XS/S og to skihjelmar i M/L, samt 2 par slalombriller. 

Sjekk ut bookingssystemet vårt her. Ta kontakt med oss eller kom innom dersom har spørsmål i forhold til utstyret vårt.

2024 © Leikanger Frivilligsentral