Oppdatering angåande våre aktivitetar

Hei alle saman!

Håpar dykk alle har hatt ein super påske😀

Dei kommunale og nasjonale smittevernstiltaka held fram til og med 14 april, og derfor må også aktivitetane våre vere avlyst fram til denne datoen. Me håpar at me så fort som muleg kan starte med aktivitetane våre igjen, og me gledar oss til å møte dykk alle igjen.

Me kjem med meir informasjon når me ut i frå gjeldande restriksjonar kan starte opp igjen med ulike aktivitetar. Me kryssar fingrane for at det går mot lysare tider og at me får ein fin vår på Leikanger, med mange kjekke og artige aktivitetar ilag.

Alle som vil låne utstyr frå SystrondsBUI kan ringe på telefon 94136251 for å avtale henting og levering👍😀

Beste helsing frå Leikanger Frivilligsentral

2024 © Leikanger Frivilligsentral