OPEN HALL for små og store

OPEN HALL


Søndag 26.februar 2023 frå kl 10:00 til 13:00 arrangerer Syril fotball 2012 jentene open hall.


Open hall er eit gratis lågterskeltilbod i Leikangerhallen til alle barn og familiar som ønsker å nytte seg av det.


Her kan barn få leike med diverse ballspel, syklar, hoppemadrass, rokkeringar, bandy og liknande.


Det vert lagt opp til kjekke aktivitetar denne dagen, og det vert kiosksal.


NB: Barn må ha med seg ein føresatt som passar på.


Ta med deg familien, dette blir moro og sosialt for små og store! :-)




2024 © Leikanger Frivilligsentral