Lån av utstyr i veke 13

Her kjem ny informasjon i forhold til lån av utstyr og levering/henting. Me er nødt til å ha strengare reglar for utlevering og innlevering av utstyr i denne perioden, og dei skjerpa smittevernsreglane for utlån av utstyr vil vare til og med 11 april.  

Dersom ein skal låne utstyr til påskeferieveka- må dette avtalast i god tid med ansatt på frivilligsentralen. Dei som skal låne utstyr i veke 13 MÅ avtale henting innan mandag, 29 mars, og utstyr MÅ hentast etter avtalt tid tysdag 30 mars. 

Kontakt oss på tlf 94136251 for å avtale

Informasjon kring lån av utstyr frå SystrondsBUI:

* Ein skal IKKJE låne utstyr dersom ein føler seg sjuk.

Ein skal avtale henting og levering i god tid, og hente og levere utstyr i bemanna opningstid, som i veke 12 er mandag og onsdag. I veke 13 er det utlevering av utstyr tysdag.

* Ved henting av utstyr: Ansatte ved frivilligsentral finn fram bestillt utstyr og leverer dette til personen utanfor SystrondsBUI. Dette er for å unngå trafikk inn og ut av lokalet vårt. Det same gjeld ved levering av utstyr.

Me håpar uansett at de vil låne utstyr hos oss både før og i påskeferien. Ring oss på tlf 94136251 ved spørsmål, eller for å avtale henting og levering.

2024 © Leikanger Frivilligsentral