Lån av utstyr i høstferien

Det nærmar seg høstferie, og mange har tenkt seg ut på tur i høstværet eller prøve nye aktivitetar i ferien. Me har mykje tur- og fritidsutstyr som de kan låne gratis hjå oss. Me har blant anna telt, stormkjøkken, hengekøyer, liggeunderlag og soveposar. Kom gjerne innom kontoret vårt denne veka for å låne utstyr til ferien!

Neste veke har me reduserte opningstider, så derfor vil dei som bookar utstyr hjå oss få informasjon og koden til utstyrssentralen tilsendt i bekreftelsesmailen når ein har booka utstyr. Koden skal IKKJE gjevast ut til andre, og det er KUN den føresatte som har booka utstyret, som skal hente ut/levere utstyret i utstyrssentralen.


Informasjon over korleis ein bookar utstyr: 

Du kan reservere det du vil låne i vårt bookingsystem, ved å klikke her

TINGE UTSTYR

- Vareregister  På bookingsida finn du varene me har. Klikk på vara du vil låne.

- Dato-til-dato i opptil ei veke. Du klikkar deg inn på aktuell vare, og bookar frå-dato til-dato. OBS! Dersom du ikkje får klikke på aktuell dato, er truleg vara ute på lån eller reservert av andre. Trykk vidare på "legg i korg", og "gå til kassen"

Føresett . Skriv inn kontaktinformajonen din i dei tomme felta. Det må bookast og registrerast av føresett. Når det er registrert kan du trykke på "send bestillinga". Ein må ha bustadadresse Leikanger for å låne, men me samarbeider sjølvsagt med nabobygdene i kommunen ved høve. 

Mail. Du får no ein bekreftelse på mail over utstyret du har booka, og der er det også informasjon angåande henting og levering.

Leikanger Frivilligsentral er i 2. etasje på Saften. Når ein kjem opp trappa tek du til venstre, og går i ein "hestesko" til endes- me har utsikt nedover mot fjorden.


2024 © Leikanger Frivilligsentral