Informasjon kring koronasituasjonen

Hei! 

På bakgrunn av koronasituasjonen i Sogndal kommune, har kommunen no vedtatt at alle kommunale arrangement vert avlyst fram til 11.04.21. Dette vert gjort for å vera føre- var i ein uavklart situasjon med aukande smitte i kommunen. 

Våre faste aktivitetar som baskettrening, hobbykveld og basistrening vert avlyst til og med 11 april. 

Møteplassen vår LF Riverdal og kaffen vil også halde stengt til og med 29 mars. Vi kjem tilbake med meir informasjon når vi kan opne desse igjen. 

Me har bemanna opningstider mandag og onsdag i veke 12, frå kl 09-1430.

Me er også nødt til å ha strengare reglar for utlevering og innlevering av utstyr i denne perioden, og dei skjerpa smittevernsreglane for utlån av utstyr vil vare til og med 11 april. 

Informasjon kring lån av utstyr frå SystrondsBUI:

* Ein skal IKKJE låne utstyr dersom ein føler seg sjuk.

Ein skal avtale henting og levering i god tid, og hente og levere utstyr i bemanna opningstid, som i veke 12 er mandag og onsdag. 

* Ved henting av utstyr: Ansatte ved frivilligsentral finn fram bestillt utstyr og leverer dette til personen utanfor SystrondsBUI. Dette er for å unngå trafikk inn og ut av lokalet vårt. Det same gjeld ved levering av utstyr.

Me håpar uansett at de vil låne utstyr hos oss både før og i påskeferien. Ring oss på tlf 94136251 ved spørsmål, eller for å avtale henting og levering.

Me kjem tilbake med meir informasjon etterkvart! 

Beste helsing Leikanger Frivilligsentral

2024 © Leikanger Frivilligsentral