Barnas Turlag Leikanger inviterer deg og familien med på "Kom deg ut-dagen" på Kleppa!

Barnas Turlag Leikanger inviterer deg og familien med på Kom deg ut-dagen på Kleppa! 😃

Dato er søndag 5.februar kl 11.00

Kom deg ut-dagen vinteren 2023 blir i år feira med tur frå Kleppa til Øvstestølen!🏔️

På vegen opp har vi laga til turpostar med spørsmål til heile familien. Framme på Øvstestølen blir det skileik og graving i snøen, og kanskje ei aldri så lita trekning av premiar?⛷️🎁😃 Vi tenner opp bålpanne, og sponsoren vår, Kiwi, har gitt oss pølser, som vi deler ut til alle som har lyst å grille. 🔥🌭Ta gjerne med grillmat sjølv om de vil, og hugs sitteunderlag og noko varmt å drikke. 🫖

Turen til Øvstestølen er ca 1 km lang og passar for dei fleste! Ungar som deltek i skikarusellen kan skrive seg i boka på Øvstestølen, og få "poeng" for dette.


2024 © Leikanger Frivilligsentral