Arrangement under Fruktbare dagar

Fruktbare dagar er like rundt hjørnet, og me er klare for ei bra helg på Leikanger!

Hei alle saman!😀

Me på Leikanger Frivilligsentral skal under Fruktbare dagar ha ulike arrangement i samarbeid med Opplev Leikanger og frivillige.

Fredag 1 oktober kl 20.00 til 23.00 vert det konsert med Gøran Sjølie Af Geijerstam, musikkquiz med Tor Talle og servering av pizza i festivalteltet på borgaren. Dette er for ungdom frå 12 år til 17 år. Dette er eit gratis arrangement, så møt opp for ein bra kveld!😀

Laurdag 2 oktober kl 12.30 til 14.30 skal me på Leikanger Frivilligsentral arrangere Open Hall for barn og barnefamiliar. Dette er eit lågterskeltilbod, og det vert ulike stasjonar med leik. Alle barn må ha med seg ein forelder som passar på!!

Me er så heldige at me har fått med oss frivillige til å drifte arrangementet denne gangen. Retningslinjene for deltakelse på Open hall finn ein her: Open hall a3. Me håpar på mykje aktivitet og full fart i Leikangerhallen, og dette blir moro!😀


Pensjonistlaget skal også arrangere eldredagen, fredag 1 oktober frå kl 1300 til 1430. Her vert det eit foredrag om kosthald og ernæring frå Synne Aafedt Liljedahl, underhalding og middag.

Laurdag 2 oktober frå kl 11.00 skal Johanne Malene Teigen ha kunstutstilling på Frivilligsentralen, andre etasje på Saften.

Sjekk ut resten av programmet på Fruktbare dagar her: http://www.opplevleikanger.no/siste-nytt/program-for-fruktbare-dagar-2021

Me på Frivilligsentralen gledar oss, og me er klare for ei helg med mykje moro!

Me håpar å sjå deg der!!😀




2024 © Leikanger Frivilligsentral