Alle frivillige lag, organisasjonar og andre interesserte i Leikanger, vert hermed kalla inn til eit ope møte i Leikanger Frivilligsentral

Innkalling til kontaktmøte for Leikanger Frivilligsentral

Alle frivillige lag, organisasjonar og andre interesserte i Leikanger, vert hermed kalla inn til eit ope møte i Leikanger Frivilligsentral.

Møtet er eit årleg kontaktmøte mellom dei inviterte og Sogndal Kommune. Formålet er å drøfte idear og få fram meiningar om korleis Frivilligsentralen best kan gjere jobben sin. Frivilligsentralen har som mål å skape trivsel. 


Tid:        torsdag 23. mars kl 15.30 - 17.00

Stad:     Leikanger Frivilligsentral, 2. et. Saften


Sakliste: 

  1. Velkommen, val av ordstyrar
  2. Orientering om Frivilligsentralar i Sogndal kommune v/dagleg leiar
  3. Årsmelding 2022 Leikanger Frivilligsentral:
    • Drøftingar, idear og synspunkt
  4. Orientering om bruken av areala i Saften, v/tenesteleiar Samfunnsutvikling T. Solbraa
  5. Utviding av tal representantar i Rådet
  6. Nye vedtekter for Frivilligsentralane
  7. Val


Det er viktig at alle lag og organisasjonar vert representerte på møtet. Dette er eit høve til å drøfte korleis lag og organisasjonar kan samarbeide med kommunen om gode tilbod til folk på Leikanger. 



Velkommen! 



2024 © Leikanger Frivilligsentral