LF SystrondsBUI utstyrssentral

SystrondsBUI er namnet på Leikanger frivilligsentral sin utstyrssentral Lån utstyr hjå oss. Dette er ein god mulegheit for å kunne prøve utstyr for første gang eller låne til f.eks skuleturar og -aktivitetsdagar. Me har mellom anna skiutstyr, telt og soveposer, truger, klatreutstyr, syklar, einhjulssyklar, stormkjøkken, bålpanne og mykje anna kjekt fritidsutstyr.

På SystrondsBUI kan du låne fritidsutstyr til ulike aktivitetar for barn og ungdom.  Lån av utstyr er gratis -  det er viktig å lese gjennom reglar og retningslinjer før ein bookar utstyret. 

Du kan reservere det du vil låne i vårt bookingsystem, ved å klikke her 

 TINGE UTSTYR

- Vareregister  På bookingsida finn du varene som finns hjå oss. Klikk på vara du vil låne.

- Dato-til-dato i opptil ei veke   Du klikkar deg inn på aktuell vare, og bookar frå-dato til-dato.  OBS!  Dersom du ikkje får klikke på aktuell dato, er truleg vara ute på lån eller reservert av andre. Trykk vidare på "legg i korg", og "gå til kassen"

Føresett   Det må bookast og registrerast av føresett. Når det er registrert kan du trykke på "send bestillinga". Ein må ha bustadadresse Leikanger for å låne, men me samarbeider sjølvsagt med nabobygdene i kommunen ved høve. Avtal med oss om henting og levering.

- Henting og levering  Henting og levering skal avtalast med oss. Opningstider for henting og levering av utstyr er KUN tysdag og torsdag. Send oss ein melding når du skal hente og levere, slik at me har oversikt. Dersom det ikkje er mulig å hente og levere innan bemanna tidsrom, så må ein avtale med oss slik at ein får kode til døra.

Retningslinjer for lån av utstyr:

  • Ein SKAL legge inn elektronisk  bestilling av utstyret gjennom bookingsystemet vår.
  • Me har KUN henting og levering av utstyr i bemanna tid tirsdag og torsdag. 
  • Henting og levering skal skje i bemanna tid, men dersom ein ikkje har muligheit, skal det avtalast med oss, slik at de kan få koden til døra og hente/levere sjølv.
  • Ved tilsendt kode på døra, skal denne ikkje gjevast ut til andre!
  • Ein kan låne fleire produkt om gongen, men med ei maks grense på 5 om gongen.
  • Under kvart produkt finn du ein kalendar der du må booke for ein aktuell periode (maks 7 dagar om gongen). Ein vil også kunne sjå om produktet er ledig for den aktuelle perioden.
  • Personopplysningar og eigenerklæring skal fyllast ut før ein sender bestilliga.
  • Hugs å lese gjennom våre utlånsbetingelsar.
  • Når bestillinga er sendt vil du motta ein kvittering på mail. 
  • Ved henting av utstyr er det viktig at ein ikkje rotar til i hyllene kor ein har vore. Me er avhengig av å ha ein fast system på produkta slik at det er enkelt å finne fram for neste mann som kjem for å låne.
  • Levering: Legge utstyret inntil glassvegg i lokalet vårt, slik at me kan gå over utstyret, registrere tilbakelevering, vaske etc. før det blir lagt tilbake i hyllene. Hugs å melde ifrå på mail til oss dersom eventuelle skadar på utstyret har oppstått. 
  • Viktig: Utstyret skal leveres tilbake i samme stand som ved utlån. Avvik skal rapporteres til leiar av utstyrssentralen. Alt utstyr skal være tørt og reint når det leveres tilbake. 

    - Den som låner utstyret må dekke kostnadene ved reparasjon eller innkjøp av nytt utstyr, dersom utstyret blir øydelagt. Dette gjelder ikkje normal slitasje.

  •  - Lånt utstyr leveres tilbake innen 7 dager.

LEIKANGER FRIVILLIGSENTRAL i 2. etasje på Saften. Når ein kjem opp trappa tek du til venstre, og går i ein «hestesko» til endes - me har utsikt nedover mot fjorden.  

Ved tilsendt kodelås skal denne ikkje gjevast ut til andre.

Ta kontakt med oss for henting og levering av utstyr på tlf 94136251. Me har bemanna kontortid måndag til fredag frå klokka 0900 til 1500. 

Velkommen innom oss!

2024 © Leikanger Frivilligsentral