LEIKANGER FRIVILLIGSENTRAL

Frivilligsentralen held til i 2.etg i Saften på Leikanger.

Leikanger Frivilligsentral er ein bidragsytar og del av lokalmiljøet. Ved å invitere til samarbeid med lag, organisasjoner og frivillege på Leikanger, ynskjer me å vere ein brubyggjar til å skape felles møteplasser for alle. Her er ein open arena for diskusjon og idémyldring med stor takhøgde. 

Me held til i 2.etg i Saften på Leikanger. Her disponerer me to lokaler, som me har døypt LF RiverDal og LF SystrondsBUI.

LF RiverDal er lokalet for å møtast i ulike samanhengar. Me har mellom anna ordna til med koselege kafebord, levande peisbilde, kaffitraktar, vannkokar, vatn, twist og ulike brettspel som td. sjakk. Me kan justere musikk/lyd og belysning etter type aktivitet, og her er kjøpt inn låsbare skåp, slik at faste grupper kan få låse inn eige utstyr til aktivitetane sine frå gang til gang.

LF SystrondsBUI er ein "splitt ny" utstyrssentral for å bidra aktivt inn i lokalmiljøet for born og unge. Det er gratis utlån, for at bidra til at alle kan bli med når turgruppa går, når klassen skal på camping osv. Slik kan ungane få teste utstyr og oppleving, før ein må gå til innkjøp i den enkelte husstand for kvar gang ungane skal på noko nytt. Me har litt av det meste, og ser på mulegheiter for å handle inn nytt utstyr på det som blir etterspurt.

Online booking er eit nyutvikla system frå Leikanger Frivilligsentral. Systemet blir nytta av alle utstyrssentralane i kommunen. Her kan ein til ei kvar tid sjå kva som er ledig, og gå inn og booke det ein vil låne, 24/7. Booking må skje av føresett. Gå inn på SystrondsBUI på heimesida vår, for å sjå utstyr og tinge det.

Når du kjem opp trappa, tek du til venstre og går ein heil "hestesko" til endes, så finn du oss i lokalet til SyrstrondsBUI. Me har utsikt nedover mot fjorden.

Me er to tilsette som begge jobbar i reduserte stillingar. Me har opningstider enten saman eller kvar for oss:  måndag til torsdag kl 9.00-15.00.


Kontaktinfo:

Tor Talle, frivilligkoordinator, tlf 9413 6251

Mona Teigen Kvam, dagleg leiar, tlf 9020 5489

mail:   leikanger.frivilligsentral@sogndal.kommune.no 


Historikk:

Leikanger kommune starta opp Frivilligsentralen 1.3.2017. Frå august 2019 satsa kommunen ytterlegare, og tilrettela med to fine lokaler i Saften. Ein ynskte ei sentral plassering i bygda, som gjer det lett tilgjengeleg for innbyggjarar som vil stikke innom for planlegging av aktivitet eller slå av ein prat. Etter flyttinga byrja oppbygginga av LF SystrondsBUI utstyrssentral og digitalt bookingsystem. Parallellt blei LF RiverDal møteplass utvikla, og ein tilrettelegg for aktivitet og møteplass både dagtid og kveld.

Ein får statleg tilskot til stillinga knytt til Frivilligsentralen. Ved Leikanger Frivilligsentral har ein ynskt å vere to tilsette for å "spele ball" og gjere kvarandre gode, og ein har då 2 tilsette i reduserte stillingar. 

Frå 1.1.2020 slo kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal seg saman til nye Sogndal kommune. Med samanslåinga kom både Leikanger Frivilligsentral og Sogndal Frivilligsentral under same organisasjon, og vil etter kvart få eit felles styre. I 2021 byrja ein lenge planlagd prosess for å sjå på etablering av Frivilligsentral i Balestrand.


2024 © Leikanger Frivilligsentral