Generell informasjon Småjobbsentralen

Kva er Småjobbsentralen?
Fleire ynskjer hjelp med minder gjeremål i og rundt sin eigen heim. Samstundes er det fleire som ynskjer noko å gjere, og som sit på kunnskap dei ynskjer å bruke. Tilbodet er for alle som anten ynskjer å få hjelp, eller som ynskjer å gi ei hjelpande hand.
Småjobbsentralen si oppgåve er å fungere som eit kontaktpunkt, og formidlar både for oppdragsgivar og småjobbarar. Småjobbsentralen har oversikt over aktuelle småjobbarar og tek i mot oppdrag frå oppdragsgjevaren.
Oppdragsgjevar og småjobbaren blir sjølve samde om arbeidsforholdet, og avtalar omfang, utføring og varigheit på oppdraget. Det skal til ei kvar tid vere utfylt ei enklare kontrakt mellom oppdragsgjevar og småjobbaren før arbeidet tek til. Denne ligg vedlagt under.
Kva slags jobbar?
Oppdraga gjeld enklare arbeid som ikkje krev nokon autorisasjon, og som er vanskeleg å få utført på den profesjonelle marknaden. Eksempel på slike oppdrag kan vere:
•    Reingjering av bustad
•    Generell rydding ute eller inne
•    Bilvask
•    Klesvask
•    Baking
•    Transport
•    Skifting av lyspærer
•    Snømoking
•    Maling
•    Hagearbeid
•    Reinsing av takrenner
•    Rådgjeving data, økonomi

Småjobbsentralen kan ikkje på nokon måte garantere at det er småjobbarar som er ledige og ynskjer å utføre det respektive oppdraget til ei kvar tid, men vi vil gjere vårt beste for å finne nokon som kan ta på seg oppdraget.


Kva kostar det?

Oppdragsgjevaren betaler 100,- kr/time til småjobbaren. Dette gjeld for kvar påbegynte time.              
Det skal ikkje betalast meirverdiavgift, arbeidsgjevaravgift, ferie- eller sjukepengar dersom det gjeld oppdrag under 50 000,- kr per år.
Oppdrag under 6000,- kr per oppdrag er skattefrie.


Eg ynskjer å ta på meg oppdrag, kva må eg gjere?
Dersom du ynskjer å utføre arbeid gjennom Småjobbsentralen tek du kontakt med Leikanger Frivilligsentral. Du kan nå oss både på telefon, mail eller ved å møte opp personleg på kontoret på Tinghuset i Lerikanger. Småjobbarar mellom 13-18 år må ha løyve frå føresette. Alle i denne aldersgruppa må difor levere signert skriv frå føresette. Dette skrivet ligg vedlagt lenger ned på sida.    


Uhell
Leikanger Frivilligsentral, underlagt Leikanger kommune,  fungerer som formidlar av arbeid.  Som formidlar sit vi ikkje med arbeidsgivaransvar. Småjobbaren er difor ikkje forsikra gjennom Leikanger kommune. Ein bør difor sjå til at naudsynt privat forsikring er på plass før ein tek til på oppdraget.
Leikanger Frivilligsentral fungerar som formidlar av arbeid. Dette betyr at Leikanger kommune, som Leikanger Frivilligsentral er underlagt, ikkje sit med arbeidsgivaransvar. Dei som deltek som småjobbarar er difor ikkje forsikra gjennom Leikanger kommune. Ein bør difor sjå til at ein har naudsynt privat forsikring.
Leikanger Frivilligsentral som formidlar set krav til arbeidsforhold og sikkerheit, og ser difor til at dette blir ivareteke av oppdragsgivaren. Det er arbeidsgjevaren sitt ansvar å sjå til småjobbaren jobbar i eit forsvarleg arbeidsmiljø og at sikkerheita til småjobbaren er ivareteken.

2019 © Leikanger Frivilligsentral