Småspretten

Småspretten er eit tilbod for barn mellom 2 og 5 år i Leikanger, som vert arrangert i gymsalen på Leikanger ungdomsskule onsdagar 17.00-18.00

Tanken bak Småspretten er at dei minste borna skal få eit aktivitetstilbod på Leikanger. Småspretten er eit gratis tilbod for barn i aldersgruppa 2 til 5 år. Ein kan hoppe, danse, leike, krype, klatre, balansere og rulle gjennom løypa i gymsalen på onsdagar mellom 17.00-18.00. 

Det vert sjølvsagt lagt godt til rette for aldersgruppa, men ver merksam på at all aktivitet skjer på eige ansvar. 

For at dette skal bli kjekt må alle følgje desse reglane: 

➢Superviktig regel nummer 1: Klede og sko må takast av i gangen oppe, det er ikkje lov med mat i gymsalen. 

➢Superduperviktig regel nummer 2: Alle må høyre etter når det vert gitt beskjed.  

➢Superduperviktig regel for vaksne: Du har ansvar for eigne ungar.


Lik Facebook-sida «Småspretten» og følg med, det vert påmelding via arrangement.


Velkommen til Småspretten! 😊


2019 © Leikanger Frivilligsentral