-
Tusen hjarteleg takk til Gjensidigestiftelsen for støtte til «SommarMoro for born og unge på Leikanger»
Retningslinjer for lån av utstyr frå SystrondsBUI
Les deg opp på retningslinjene våre før du låner utstyr!Før ein booker utstyr hos oss, er det viktig å lese seg opp på retningslinjene for lån av utstyr frå SystrondsBUI!
- Ein SKAL alltid legge inn elektronisk bestilling av utstyret gjennom bookingsystemet vårt, som du finn her: https://utlan-leikanger.custompublish.com/
- Me har KUN henting og levering av utstyr i bemanna tid tirsdag og torsdag.
- Henting og levering skal skje i bemanna tid, men dersom ein ikkje har muligheit, skal det avtalast med oss i god tid, slik at de kan få koden til døra og hente/levere utstyr sjølv.
- Ved tilsendt kode på døra, skal denne ikkje gjevast ut til andre!
- Ein kan låne fleire produkt om gongen, men med ei maks grense på 7 produkt om gangen.
- Under kvart produkt finn du ein kalendar der du må booke for ein aktuell periode (maks 7 dagar om gongen). Ein vil også kunne sjå om produktet er ledig for den aktuelle perioden.
- Personopplysningar og eigenerklæring skal fyllast ut før ein sender bestillinga.
- Hugs å lese gjennom våre utlånsbetingelsar.
- Når bestillinga er sendt vil du motta ein kvittering på mail.
- Ved henting av utstyr er det viktig at ein ikkje rotar til i hyllene kor ein har vore. Me er avhengig av å ha eit fast system på produkta slik at det er enkelt å finne fram for neste mann som kjem for å låne.
- Ver nøyen med å reingjere og tørke utstyret før du leverer det tilbake.
- Levering: Legge utstyret inntil glasvegg i lokalet vårt, slik at me kan gå over utstyret, registrere tilbakelevering, vaske etc. før det blir lagt tilbake i hyllene. Hugs å melde ifrå på mail til oss dersom eventuelle skadar på utstyret har oppstått.
- Pass på å overholde utlånsperioden på 7 dagar.
- Ta alltid kontakt med oss på tlf 94136251 eller på mail: leikanger.frivilligsentral@sogndal.kommune dersom du har spørsmål til lån av utstyr frå SystrondsBUI.
Me har laga ein informasjonsvegg ved inngang til SystrondsBUI, som de ser bilde av her:
Del på:
-
Tusen takk til Sparebankstiftinga for gåva til vidareutvikling av LF SystrondsBUI utstyrssentral.
-
Ivan er klar for å servera kaffi og vafler
-
No kan du søka om tilskotsmidlar i Sogndal kommune
-
Besøk av forfattaren Emma Husabø Manin